fredag, mars 06, 2009

Dikkedarar og fiksfakseri

Ordboki er ikkje til å verta klok av. Vonfull, vitehuga og kunnskapstorstug slær du upp «dikkedarar» og vonar du fær ein krystallklår (eller i minsto ein glasklår) definisjon som set skåpet på plass der det skal standa, men kva vert du gjeven?

«Dikkedarar», jau, det tyder «fiksfakseri», det. Ja vel, greidt. Men, kva tyder då «fiksfakseri»? Slær du upp «fiksfakseri» i same Ordboki fær du «dikkedarar» til svar. Sét slikt!? Du tek kje til takke med sirkeldefinisjonar, vel? Du er hoen derivere meg like langt komen, eller du er so vel de jure som de facto noko stuttare komen, for no undrast du kva «fiksfakseri» tyder i tillegg til at du frå fyrr undrast på det der med «dikkedarar». Akk og ve!

søndag, mars 01, 2009

Kaizers spelar Jokke



Litt knote dialektsurr, men det fær me tola.

tysdag, februar 24, 2009

Kva er best II

Kva er best av cover og original?

All day and all of the night med The Kinks. 1965 eller derikring.



All day and all of the night med Hanne Hukkelberg for NrK for nokre år sidan.




Denne venda hev coveren den viktuge kvaliteten at han skil seg heise frå originalen i ljodbilæte, tempo og det meste.

måndag, februar 23, 2009

Gamlemåten i vinden

Skal me tru google (og det skal me då vel?) er gamlemåten langt meir populær en nyemåten. Gamlemåten gjev på lag 37 700 tilslag medan nyemåten er nede på skarve 35 tilslag.

søndag, februar 22, 2009

Godt varp frå felefiskaren Alexander

Per yverslagsrekning kann det verka som denne Alexander Rybak-figuren vann songtevlingi i går med ei tri gonger fleire røyster en alle hine i finalen til saman. Александр Рыбак hev bytt nøter med notar, stenger med boge og sen med strengjer og fær god fangst endå.

Рыбак/Rybak tyder for resten fiskar (dette til upplysing).

laurdag, februar 21, 2009

Fals og Fusk

Han gamle Ivaren er i sanningi altfor lågt skatta som diktar. Dei mest påakta dikti hans, er dei nasjonale og romatiske visone, so som Dei gamle fjelli og Nordmannen (inkje vondt sagt um deim). Ivaren gav ut éi diktsamling, Symra, ho rømer desse nasjonale visone, men sveipar òg innum ei rad andre emne. Han skriv um kjærleik, saknad og einsemd, og råkande um visdom og ymse vasarlag.

Fals og Fusk
av Ivar Andreas Aasen

Med Fals og Fusk er Verdi full,
og mangt eit Korn læst vera Gull;
men naar ein ser det nærre,
so var det verdt eit mindre Rop:
d'er berre Graastein alt i Hop,
og stundom nokot verre.

Um Framgang er no myket rødt,
alt nytt skal vera Framgang stødt,
men naar ein ser det nærre,
so gjeng det ymist att og fram:
det eine fær ein betre Ham,
det andre verder verre.

Av Fridom skrøyter mangein Mann,
og fagre Ord han tala kann,
men naar det kjemer nærre,
so vil han liten Fridom sjaa,
og kann han Vald i Grendom faa,
han verd ein strenger Herre.

Um Landsens gamle Sed og Viis
dei tala tidt med myken Priis,
men naar det kjemer nærre,
naar sjølv dei gamall Sed faa sjaa,
so kvekka dei og røma fraa,
som ingen Ting var verre.

Av Vit og Kunnskap, ser ein tidt,
at Folk vil skrøyta stort og vidt,
men naar det kjemer nærre,
so vita dei um Smaating best,
og minst um det, som trengdest mest,
og slikt er helder verre.

Og mangein Gut læst vera klok
og skriver stort i Blad og Bok,
Og naar du ser det nærre,
so er det litet Gagnet i,
og skal du fara etter di,
so fer du fulla verre.

fredag, februar 20, 2009

Kva handlar denne songen um?



Kann det vera runk?

The Who
Pictures of Lily

I used to wake up in the morning
I used to feel so bad
I got so sick of having sleepless nights
I went and told my dad

He said, 'Son now here's some little something'
And stuck them on my wall
And now my nights ain't quite so lonely
In fact I, I don't feel bad at all

Pictures of Lily made my life so wonderful
Pictures of Lily helped me sleep at night
Pitcures of Lily solved my childhood problems
Pictures of Lily helped me feel alright

Pictures of Lily
Lily, oh Lily
Lily, oh Lily
Pictures of Lily

And then one day things weren't quite so fine
I fell in love with Lily
I asked my dad where Lily I could find
He said, 'Son, now don't be silly'

'She's been dead since 1929'
Oh, how I cried that night
If only I'd been born in Lily's time
It would have been alright

Pictures of Lily made my life so wonderful
Pictures of Lily helped me sleep at night

For me and Lily are together in my dreams
And I ask you, 'Hey mister, have you ever seen'
'Pictures of Lily?'

torsdag, februar 19, 2009

Kva er best?

Det er tid for eitt av dei store spursmåli i livet: Kva er best av coverlåti og originalen?

Days med The Kinks i 1969. Det må segjast at Ray Davies er fager her.



Cover av Days med Kirsty MacColl (ho som syng på Fairytale of New York, de veit) frå 1989.



Ja, kva for ein er best? Greid ut!

tysdag, februar 17, 2009

Men Roy Orbison var ikkje daud?

Etter å ha skoda åsyni til gårdagsens bursdagsbarn, kom eit hugskot susande. Di verre lyt heidersmannen Roy Orbison setjast i samanheng med skurken Kim Jong-il. Orsak!

Det heiter seg at Roy Orbison leid av i 1988. Her er grunnar til å så tvil um dette, for i 1994 dukka ein slåande lik person upp i Den demokratiske folkerepublikken Korea, og vart hylla som den kjære leidaren der.

























Dette kann forklåra kvi Roy Orbison stødt gjekk med svarte solbrillor. Han skulde dylja dei asiatiske andlitsdragi og augo, må vita.

No, Roy Orbison på skammeleg vis er sett i vanheider, er det på sin rettkomne plass med ein snutt til heider for ein flott musikant:

måndag, februar 16, 2009

Noko å feira?

Den kjære leidaren for Den demokratiske folkerepublikken Korea, Kim Jong-il, fyller 67 eller 68 i dag. Det er i grunnen slett ingen ting å feira.

søndag, februar 15, 2009

Nye grunnar til å svara lisens

Nrk hev pitle meg lagt ut Med Grimm og Gru på net-tv. Rockeulven og rockekillingane. Mammo er attende, lat upp døri!

laurdag, februar 14, 2009

Kaizers slepper demonane laus

http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=558372

Hohoi! Kaizers kjem med ny plata. Uttakingar frå alle dei fyrre platone. Klassisistane hev von i barm, sidan dei fyrre platone lovar betre en dei næste.

fredag, februar 13, 2009

Dei eldste er gamle

Jerry Lee Lewis (1957)



Jerry Lee Lewis (2006)



Her i duett med låtskrivaren Bruce Springsteen.

torsdag, februar 12, 2009

Løgne ord

Døme på framandlendske ord som ser løgne ut:

«awkward»
«highlighting»
«шьёшь» eller «шьешь» - andre person eintal presens imperfektiv indikativ aktiv av «å sy», «шить».

onsdag, februar 11, 2009

Бездельник - Кино



Eg spaserer. Eg spaserer åleine. Kva eg skal gjera etteråt, veit eg ikkje. Ingenting heime, det er ingen heime. Eg er til yvers som ein haug med skrapjarn.

Eg er ein dagdrivar.

I mengdi er eg som ei nål i ein høystakk. Eg er atter eit menneskje utan mål. Eg heng og sleng. Heile dagen spaserer eg. Eg veit ikkje, eg veit ingenting.

Eg er ein dagdrivar.

Бездельник (Виктор Цой/Кино) (her på urimeleg norsk).


Viktor Tsoj (1962-1990) og gruppa hans Kino er høgdi i russisk rock og ikkje so verst russisk lyrikk heller.

tysdag, februar 10, 2009

Kenneth Sivertsen vil heim

Kenneth Sivertsen (1961-2006) var ein mangslungen figur. Diktar attpåtil. I samband med innspelingi av den gjæve plata «Draumespor» frå 1996, las Kenneth Sivertsen inn diktet «Eg vil heim» (som venteleg spelar på eit dikt av Jakob Sande med same namnet). Innspelingi av dette diktet ligg som eit bonusspor på hyllingsplata «Spor» som Astrid Kloster gav ut i 2007 (laup og kaup), men kann òg finnast og lydast til per vev:

Eg vil heim

måndag, februar 09, 2009

Ukulelebylgja

Då Espen Lind-figuren fekk spelemannprisen vart det sagt at han var mannen bak ukulelebylgja. For noko tull! Folk hev spela ukulele lengje fyrr det! Julia Nunes og George Harrison, til dømes, er framifrå utgåvor av arten ukulelespelarar. Espen Lind, gakk og legg deg!





Ukulele er ei god greida.

søndag, februar 08, 2009

Prosadikt

innsida.no gleder lesaren med eit prosadikt. Lesaren undrast.

http://innsida.no/article/20090208/NYHENDE/41585396/1019

Hundane på Svellanger

http://www.nrk.no/programmer/radioarkiv/karate/1009342.html

Daniel Svellanger kjem frå øyi Svellanger. Han er glad i vaflar og hundane på Svellanger.